Kjempefornøgde arrangørar og gode tider i årets Storehaugen Opp. (Pressemelding 2017)

Friidrettsgruppa i Lærdal Il arrangerte motbakkeløpet Storehaugen Opp for 9.gong Kristi Himmelfartsdag 25.mai.
Geir Steig frå Luster IL vann årets Storehaugen Opp på tida 35:59 minutt. Han vann framføre Sondre Øvre-Helland, Viking  som hadde tida 36:23 minutt og Robert Bergstå,  Svarstad Il på 37:26 min. 
Dameklassa vart vunnen av Anita Iversen Lilleskare, Bfg  Bergen Løpeklubb på tida 38:52 minutt,  nummer to vart tidlegare vinnar av Storehaugen Opp, May Britt Buer, IL Gular , 39:01 og Eli Anne Dvergsdal, Il Gular, 40:55 minutt  vart nr tre.
Mange sette ny pers og det var utruleg gode tider på mange.  Storehaugen Opp hadde mange lokale løparar frå Sogn som sprang bra, samtidig som dei beste i Norge deltok. Det var og internasjonal klasse med ein utøvar frå Rio de Janairo / Brasil som la ferien sin til Storehaugen Opp!
Det var  100 påmeldte i konkurranseklassa,  og nær 200 i mosjonistar  som  deltok på Storehaugen Opp. 
Mange var innom lavoen  på toppen og alle sette pris på spekemat og saft på drikkestasjon på tur nedatt.  I mål var det t-skjorte til alle som premie, samt premiering i klassane. 
Det var opphaldsvær  og  god stemning på toppen. Tilbakemeldingane er  utruleg gode. 
Friidrettsgruppa er svært godt fornøgd med innsatsen og oppmøtet og ynskjer alle og fleire til velkomen til 10 års jubileum neste år. 
Tusen takk til deltakarane, sponsorar og frivillige !
« Sjaoast neste aor! «

Arrangørane av Storehaugen Opp

Vi ynskjer vel møtt..

 

Vel møtt til årets Storehaugen Opp:

Set av datoen 25 mai . Storehaugen Opp vert arrangert på Kristi Himmelfartsdag. Friidrettsgruppa håpar på godt oppmøte, nye duellar og gode tider. Det er no over 4 månadar til å trene på og løypa er stort sett opptrakka.  Obs vær og føreforhold so bruk vet, piggsko, broddar og evt. truger.  Påmelding via heimesida er opna. Vel møtt!

Pressemelding 2016

Friidrettsgruppa i Lærdal il arrangerte motbakkeløpet Storehaugen Opp for åttande gong pinseaftan 14 mai .

Fjorårsvinnaren Stian Angermund-Vik , Varegg sette ny løyperekordmed 1 minutt. Den nye løyperekorden er på 30:18 minutt. Det var han sjølv som hadde den tidlegare rekorden frå 2014.  Stian vann og i fjor og det er femte gongen han spring Storehaugen Opp. Han var 5:43 minutt framfør nr 2 som var Vegard Galaaen, Bøverdalen ilpå 36:01 og nr 3 Rune Eckhoff, Kaupanger il på 36:02. Ein hard duell på slutten!

Dameklassa vart i år som i fjor, vunnen av Therese Sjursen, Bergen løpeklubb på 41:49 minutt. Ho vann framfør Anita Håkenstad Evertsen,  Øystre Slidre som hadde tida 42:03. Nr 3 totalt blant damene var Stine Marie Taule, Kyrkjebø il på tida 44:44.

Det var 120 i konkurranseklassa og over 230 mosjonistar som deltok på Storehaugen Opp!

Mange var innom lavoen på toppen og alle sette pris på spekemat og flatbrød serveringa på nedatturen.

Det var perfekt løype og vær å springe i og tilbakemeldingane var utruleg gode. Friidrettsgruppa er svært fornøgd med innsatsen og ynskjer løparane vel møtt neste år.


Tusen takk til deltakarane, sponsorar og frivillige som gjorde at Storehaugen Opp 2016 vart eit flott arrangement!

Arrangørane av Storehaugen Opp