Påmeldinga er opna.

Det er no opna for påmelding og det er eigen link med dei som er påmelde. Ordinær påmeldingsfrist er 23.mai kl 23:59. Etterpåmelding etter dette og fram til 1 time før start løpsdagen er mogeleg. ( etteranbeldingsgebyr kr 100) . Betaling på kontonummer: 38383021968 , merk innbetalinga med “Storehaugen Opp 2017”.

NB! Ein må fylle 15 år inneværande år for å delta på tid, dvs at ein må vera fødd i 2002. ( Krav frå Norsk Friidrettsforbund).

Ta med kvitteringa ved henting av startnummer. Ta og med kontant om du ikkje har betalt på nett. Me har ikkje Vipps eller bankterminal. Det vert kafe med sal av varmmat og kaffi /kaker i forbindelse med arrangementet.

Meld deg på! Velkommen!