Klar til Storehaugen Opp? Då er det på høg tid på melda seg på!

   No må du «sjussa pao» med å melda deg pao til jubileumsløpet!

No må du «sjussa pao» med å melda deg pao til jubileumsløpet!

Per no er det 20 grader og knall sol i Lærdal, vêrmeldinga er veldig god og førebuingane er gjort. Løypa blir merkt og i dag, tysdag, er det sett opp plakatar med oppmuntrande tekstar på lærdøl.

Av erfaring er mange i siste liten med å melda seg på på tid, og derfor har me utsett påmeldingsfristen til onsdag 9.mai kl 23:59 til same pris. Etter det blir det etterpåmelding som er mogleg inntil kl 12:00 løpsdagen ( 1 t før start kl 13:00)

Konkurranseløparane får drikke halvveges som er på Skirset og i mål. Mosjonsløparane må ta med drikke sjølv. Det kan bli varmt so ta med rikeleg. Spekemat og flatbrød til alle på tur nedatt. T- skjorte i premie til alle i Storstova på Lærdalsøyri skule. Premieutdeling kl 16-1630.

9.klasse har kafe i storstova heile torsdagen, ta med pengar. Det blir servert varm mat, kaffi og kaker. Inntektene går til klassetur.

Kontonummeret til Friidrettsgruppa er : 38383021968, me har og vipps: Lærdal il Friidrett #131003

Arrangørane ynskjer vel møtt og god tur! :-)

   S    torehaugen badar i sol to døgn før løpsstart – og vêrmeldingane lovar i skrivande stund at vêret skal halda seg slik til løpet er over.

Storehaugen badar i sol to døgn før løpsstart – og vêrmeldingane lovar i skrivande stund at vêret skal halda seg slik til løpet er over.