Startstreken er måla – forholda og vêrmeldingane ypparlege!

Heilt snøfritt på Storehaugen 2. mai!

Heilt snøfritt på Storehaugen 2. mai!

Det er tørre og fine forhold til Storehaugen ei veke før løpet. All snøen har smelta og det tørkar opp umiddelbart.

 – Her ligg det an til mange personlege rekordar. Vêrmeldinga frå søndag av og fram til løpsdagen er veldig bra med sol, opphaldsvêr og gode temperaturar, seier Bjørghild Holien, leiar i friidrettsgruppa i Lærdal idrettslag, som arrangerer løpet.

 Startstreken i sjukehusvegen er måla og alt ligg til rette for motbakkefest kristi himmelfartsdag, 10. mai.

Startstreken i Sjukehusvegen er måla og klar.

Startstreken i Sjukehusvegen er måla og klar.

 – Me er i rute til løpet: saft, vatn og drikkeflasker samt utstyr blir bore opp – dobbel trim for desse friviljuge, med andre ord. Det er premiering til alle i 15-års klassa og 70+, samt ei tredjedels premiering i konkurranseklassane. Alle deltakarane får t-skjorte i både mosjons- og konkurranseklassa.

 For dei som ikkje har høve til å delta løpsdagen, kan ein melde seg på no før løpet og betala 150 kr på konto: 3838 302 1968 (friidrettsgruppa Lærdal IL), eventuelt Vipps: #131003, forklarar Holien:

 – So kan ein gå ein dag det passar.  Hugs å oppgje storleik på t-skjorte på Messenger, e-post eller SMS til 95139357, so får du t-skjorta seinare.

 – I år er det 10 års jubileum og med so gode forhold, håpar me på stor deltaking. Det er mogleg å melde seg på same dag inntil ein time før start, som er klokka 13:00 i konkurranseklassa. Ordinær påmelding er innan tysdag 8/5 kl 23:59. Me håpar flest mogleg melder seg på innan ordinær frist.