Under ein månad att til Storehaugen Opp!

30624646_10155319855016714_3891269545888841728_n.jpg

For tiande gong inviterer me til motbakkeløp i Lærdal – bli med på festen!

– Me håpar på stor oppslutnad både av lærdøler og tilreisande – spesielt at mange unge lærdøler melder seg på, og at dei «faste» blir med, seier primus motor Bjørghild Holien, som 10. april testa løypa (sjå bilete).

Påmeldinga har opna (trykk her for å melda deg på) og fleire har alt meldt seg på. Dermed ligg alt til rette for eit storveges jubileumsløp. 

Stigande temperaturar er godt nytt

– I år er det jubileum ettersom løpet går av stabelen for tiande gong og det vert jubileums t-skjorte til alle som deltek, fortel Holien.

– Er det episodar du hugsar spesielt godt frå dei ni løpa som har vore?

– Det var spesielt å få på plass ein lavo på toppen i 2013. Her vart det gjort mykje dugnadsarbeid av kyndige folk. Personleg hugsar eg godt helikopterturen med Airlift  opp på Storehaugen på tre minuttar då utedoen skulle opp. Det var litt spesielt å sjå Storehaugen frå lufta, so raskt og lettvint kjem eg vel ikkje oppatt dit meir. 

– Andre spesielle episodar var vel då ei  som var fødd i 1989 skulle melde seg på Storehaugen Opp, ho hadde stokka om på tala i fødselsåret sitt, so etter navn og klubb skreiv ho at ho var fødd i 1898! Me svara at i utgangspunktet hadde me ikkje klasse for so gamle, men me skulle gjera eit unntak. Me lo so me gret av dette so ein som kom på besøk, lurte på om me hadde byrja på cognacen.

Så er det jo det store spørsmålet: korleis blir vêr og føre? Ei god nyhende med tanke på føret er at våren ser ut til å koma for fullt i Lærdal dei komande par vekene med stadig stigande temperaturar og generelt mykje godt vêr etter langtidsvarselet å døma.

– Me håper på fine forhold og bra vær 10 mai. Vel møtt! Seier Holien