Kjempefornøgde arrangørar og gode tider i årets Storehaugen Opp. (Pressemelding 2017)

Friidrettsgruppa i Lærdal Il arrangerte motbakkeløpet Storehaugen Opp for 9.gong Kristi Himmelfartsdag 25.mai.
Geir Steig frå Luster IL vann årets Storehaugen Opp på tida 35:59 minutt. Han vann framføre Sondre Øvre-Helland, Viking  som hadde tida 36:23 minutt og Robert Bergstå,  Svarstad Il på 37:26 min. 
Dameklassa vart vunnen av Anita Iversen Lilleskare, Bfg  Bergen Løpeklubb på tida 38:52 minutt,  nummer to vart tidlegare vinnar av Storehaugen Opp, May Britt Buer, IL Gular , 39:01 og Eli Anne Dvergsdal, Il Gular, 40:55 minutt  vart nr tre.
Mange sette ny pers og det var utruleg gode tider på mange.  Storehaugen Opp hadde mange lokale løparar frå Sogn som sprang bra, samtidig som dei beste i Norge deltok. Det var og internasjonal klasse med ein utøvar frå Rio de Janairo / Brasil som la ferien sin til Storehaugen Opp!
Det var  100 påmeldte i konkurranseklassa,  og nær 200 i mosjonistar  som  deltok på Storehaugen Opp. 
Mange var innom lavoen  på toppen og alle sette pris på spekemat og saft på drikkestasjon på tur nedatt.  I mål var det t-skjorte til alle som premie, samt premiering i klassane. 
Det var opphaldsvær  og  god stemning på toppen. Tilbakemeldingane er  utruleg gode. 
Friidrettsgruppa er svært godt fornøgd med innsatsen og oppmøtet og ynskjer alle og fleire til velkomen til 10 års jubileum neste år. 
Tusen takk til deltakarane, sponsorar og frivillige !
« Sjaoast neste aor! «

Arrangørane av Storehaugen Opp