Heller ikkje i år vert det lov å arrangere Storehaugen Opp på vanleg måte, men me køyrer same opplegget som i fjor, med eit Alternativt Storehaugen Opp.
Storehaugen Opp blir eit alternativt Storehaugen Opp
Vel møtt til den 12. utgåva av Storehaugen Opp!
Sjå bileta frå Storehaugen Opp 2019!
Glitrande stemning under Storehaugen Opp
Velkomen til Storehaugen Opp 2019!
No må du skunda deg og melda deg på!
Gå Storehaugen Opp ein dag det passar og få t-skjorte!
Strålande forhold og under ein månad att til Storehaugen Opp !
Sjekk ut den flotte promovideoen for Storehaugen Opp!
Vel møtt til Storehaugen Opp 2019!
Påmeldinga er opna!
Strålande jubileumsløp opp Storehaugen
Klar til Storehaugen Opp? Då er det på høg tid på melda seg på!
Startstreken er måla – forholda og vêrmeldingane ypparlege!
Har tru på stor deltaking under jubileumsløpet
Kristi himmelfartsdag, 10. mai, går Storehaugen Opp av stabelen for tiande gong. Påmeldingane tikkar inn og løypa smeltar fram, så no ligg alt til rette for motbakkefest i Lærdal! Meld deg på her!
Under ein månad att til Storehaugen Opp!
Vel møtt til Storehaugen Opp 2018
Påmeldinga er opna.
Kjempefornøgde arrangørar og gode tider i årets Storehaugen Opp. (Pressemelding 2017)
Friidrettsgruppa i Lærdal Il arrangerte motbakkeløpet Storehaugen Opp for 9.gong Kristi Himmelfartsdag 25.mai.
Geir Steig frå Luster IL vann årets Storehaugen Opp på tida 35:59 minutt. Han vann framføre Sondre Øvre-Helland, Viking som hadde tida 36:23 minutt og Robert Bergstå, Svarstad Il på 37:26 min.
Dameklassa vart vunnen av Anita Iversen Lilleskare, Bfg Bergen Løpeklubb på tida 38:52 minutt, nummer to vart tidlegare vinnar av Storehaugen Opp, May Britt Buer, IL Gular , 39:01 og Eli Anne Dvergsdal, Il Gular, 40:55 minutt vart nr tre.
Mange sette ny pers og det var utruleg gode tider på mange. Storehaugen Opp hadde mange lokale løparar frå Sogn som sprang bra, samtidig som dei beste i Norge deltok. Det var og internasjonal klasse med ein utøvar frå Rio de Janairo / Brasil som la ferien sin til Storehaugen Opp!
Det var 100 påmeldte i konkurranseklassa, og nær 200 i mosjonistar som deltok på Storehaugen Opp.
Mange var innom lavoen på toppen og alle sette pris på spekemat og saft på drikkestasjon på tur nedatt. I mål var det t-skjorte til alle som premie, samt premiering i klassane.
Det var opphaldsvær og god stemning på toppen. Tilbakemeldingane er utruleg gode.
Friidrettsgruppa er svært godt fornøgd med innsatsen og oppmøtet og ynskjer alle og fleire til velkomen til 10 års jubileum neste år.
Tusen takk til deltakarane, sponsorar og frivillige !
« Sjaoast neste aor! «
Arrangørane av Storehaugen Opp













