Om  motbakkeløpet Storehaugen Opp

Storehaugen Opp blir arrangert for 14.gong Kristi Himmelfartsdag 9.mai 2024

 

Løypebeskrivelse


Starten på løpet er i krysset Skulevegen/ Sjukehusvegen 7 moh. Dei fyrste 300 meterane går langs Sjukehusvegen og austover RV5, før ein startar på oppstigninga mot Storehaugen 908 moh.

Stien til Storehaugen går i lauv- og barskog langs ryggen på Erisåsen opp til trigenometrisk punkt på 908 moh. Det er ikkje vatn å finne på vegen opp til Storehaugen eller på toppen, so me oppfordrar deltakarane til å ta med drikke.

Første del av traseen er litt steinete og bratt tilHarasiglet, 250 moh. Her er det eit flott utsiktspunkt der ein ser Øyri, fjorden og omliggande fjell. Det er jamn stigning opp Krokabakkane til Skirset, 490m oh. Skirset er vel halvveges på traseen opp til Storehaugen. Her er det drikkestasjon og stien flatar ut nokre hundre meter før den stig mot Svinakleivi ogVetlehaugen på ca 700moh. Vidare kjem ein tilHalvfardekkene, som er halvveges til stølen Hognåsen. Til venstre ved Kattuglegalden er det eit utsiktspunkt der ein ser oppover dalen mot Eri og Tønjum. Dei siste 150 meterane opp skardet er svært bratte, men ufarlege.

Løypa er på 3,7 km og har ein gjennomsnittleg stigning på nær 25 %.

Framsidebiletet av Storehaugen er teke av Jan Christian Jerving.

Traseen til motbakkeløpet "Storehaugen Opp" er den gamle stølsvegen til stølen Hognåsen , ein eldgamal stølsveg med gamle og nye stølstufter.Gardanae på Eri var brukarar av stølen.

Langs stølsvegane var det vanleg med stadnamn på ulike plassar ,gjerne utsiktspunkt. Ein del av nama er gamle børakvile, andre namn er knytte til hendingar.

Med start i Sviggum har vi desse stadnamna: 

Nedre Seklepp (50m.o.h.)Dette var fyrste plassen dei såg sjøen når dei skulle til støls - difor namnet Seklepp .Se = sjå, klepp =lita høgd. 

Gygrefoten -"Jygrefoten" .Fotefar etter ei gyger - ei trollkvinne.

Øvre Seklepp (115 m.o.h)

Harasiglet (235 m.o.h)Namnet er kansje påkome av ein som har vore ute på hålkeføre og "sigla" nedover svåi. 

Krokabakkane (430 m.o.h.) Felles merkestein for 9 ulike bruk

Skirset (510 m.o.h.)Gamal vårstøl eller slåtteteig, Skir = reint.
Namnet kan kome av at her var den einaste kjelda med reint vatn i åsen.
Kjelda er ikkje halden ved like,og vatnet ikkje godt lenger.
Skirset er ca halveges på løpstraseen.Her er det drikkestasjon.

Svinakleivi (700m.o.h) Grisane måtte og vera med til støls i gamle dagar.Kanskje gjekk det gale med ein gris her ein gong?

Vetlehaugen (750 m.o.h)

Halvfardekkene (770 m.o.h.) Namnet tyder på at du er halveges til støls.Dyra skulle kvile og eta her. 

Kattuglegalden (850 m.o.h.) Kattuglegjelet er rett nedunder her.Det er bratt og trongt - uframkomeleg for folk.Fin utsikt oppover dalen rett nedunder galden.

Storehaugen(908 m.o.h.)Flott utsiktspunkt - sjå Lærdal frå lufta! Storehaugen er ein gamal veteplass, brukt til varsling av krig og ufred i eldre tider. 

Generell informasjon


Mosjonistar

Mosjonsklasse utan tidtaking startar mellom klokka 09.30 og 12.00
Deltakaravgift kr 150/familie maks kr 400,-
Betaling ved oppmøte, ta med ferdig utfyllt påmeldingsblankett. ( sjå heimesida)
Sekreteriatet er ved Lærdalsøyri skule.


Konkuransseløparar

Konkurranseklasse startar kl 13.00
Deltakaravgift kr 250,- etterpåmelding inntil ein time før start kr 350,-
Viss ein familie har deltakarar i mosjons- og konkurranseklassen er maksprisen kr 500,-


Klasseinndeling

Klasseinndeling: Kvinner/menn 15 år/16-19 år/20-34 år, deretter 5-årsklassar til og med 74-79 år, 80 +.


Premie

Premie for løpsrekord kvinne/mann
1/3 premiering i klassane, t-skjorte premie til alle.
Premie til alle i 15-års klassen og alle klassar over 70 år.
Premie for løyperekordar kvinner og menn.
Deltakarpremie til alle er t-skjorte i sekreteriatet når løparane kjem nedatt.


Utstyr

Det er ikkje krav om sekk, men løparane oppfordrast til å kle seg etter veret, det kan vera kaldt på toppen.
Det er drikkestasjon ved Skirset, halvveges til toppen. Drikkeflasker i mål til dei aktive.
Mosjonistane må ta med drikke sjøl.


Løyperekord

Løyperekord Storehaugen Opp:
Menn: Stian Angermund-Vik, Varegg IL 30:18 minutt( sett i 2016)
Kvinner Kirsten Marathon Melkevik, IL Gaular 37:24 ( sett i 2013)


Ein må fylle 15 år inneverande år for å delta (gjeld berre i konkuranseklasse).

Deltakarpremie vert gitt til alle som deltar.