Glitrande stemning under Storehaugen Opp

IMPONERANDE: Anna Hanstveit i Jenter 15 år vann dameklassa på den særs imponerande tida 41 minuttar og 7 sekundar under Storehaugen Opp i Lærdal Kristi himmelfartsdag – løpet består av 900 høgdemeter frå dalbotnen til toppen.

IMPONERANDE: Anna Hanstveit i Jenter 15 år vann dameklassa på den særs imponerande tida 41 minuttar og 7 sekundar under Storehaugen Opp i Lærdal Kristi himmelfartsdag – løpet består av 900 høgdemeter frå dalbotnen til toppen.

Kring 250 tok seg opp dei 900 høgdemetrane under Storehaugen Opp Kristi himmelfartsdag. Arrangørar og deltakarar var strålande nøgde etter motbakkeløpet i Lærdal.

– Eg skulle gjerne ha takka i handa kvar og ein som deltok, for det var så mykje nøgde folk og glitrande stemning, seier Bjørghild Holien, leiar i Friidrettsgruppa i Lærdal idrettslag, som er arrangør. 

Sjå resultatlista her

15-åring vann dameklassen på imponerande vis

Både i herre- og dameklassa var det betre tider på vinnarane i konkurranseklassa enn under fjorårets løp. Kjappast opp kom ringreven Øyvind Heiberg Sundby frå IK Tjalve – men som er oppvaksen på Leikanger – på tida 34 minuttar og 26 sekundar. Det er godt over minuttet kjappare enn fjorårsvinnaren.

– Heiberg Sundby har vunne før, men vore noko sett tilbake av skade dei siste åra. Så det var artig at han vann att i år, seier Holien. 

Enno meir imponerande var det kanskje av Anna Hanstveit frå Mjøsdalen IL som sprang i jenter 15 års-klassa og var kjappast opp av alle damene på tida 41 minuttar og 7 sekundar – nesten eitt minutt kjappare enn fjorårsvinnaren i dameklassen.

Tvillingsøstera hennar, Emma, kom på 2. plass i dameklassen, minuttet bak.

– Eg spurde dei etterpå kven som pleidde å vinna, og då sa dei at det byttest dei på, fortel Holien.

KJAPPAST: Øyvind Heiberg Sundby var kjappast av alle og vann herreklassa på tida 34.26.

KJAPPAST: Øyvind Heiberg Sundby var kjappast av alle og vann herreklassa på tida 34.26.

Ein italienar, ein danske og ein 76-åring

Litt internasjonal schwung på løpet vart det også ettersom både dansken Lasse Maidstone og italienaren Ulrich Beikircher deltok i konkurranseklassa – sistnemnde kom også opp på 19. plass og den respektable tida 44 minuttar og 14 sekundar.

– Eg snakka så vidt med han på toppen, og han tykte det var hardt, ja, fortel Holien.

Eldstemann som deltok på tid var 76-åringen Birger Normann Hansveit frå Mjøsdalen IL, han brukte under timen opp på Storehaugen – 57 minuttar og 18 sekundar.

– Per no har me berre klassa 70+, men eg sa til han at neste år køyrer me klasse 70 – 74 år og 75 – 79 år i staden. Då sa han at han vart med eitt år til, humrar Holien.

MYKJE FOLK: Kring 250 var på Storehaugen totalt Kristi himmelfartsdag.

MYKJE FOLK: Kring 250 var på Storehaugen totalt Kristi himmelfartsdag.

Gode forhold

Det var 66 deltakande i konkurranseklassa og kring 180 mosjonistar som tok seg opp til Storehaugen i lett yr, men elles fine forhold.

– Mange som kom frå andre stader vart positivt overraska over vêret ettersom det regna mindre her enn der dei kom ifrå. Det er noko med at når me seier det regnar i Lærdal, så reknar andre det som yr og knapt nok det, seier Holien.

Litt surt var det rett nok ettersom ein snøkave drog over Storehaugen på eit tidspunkt – men slikt hadde ein fasilitetar for.

– Då var det stappfullt i lavvoen på toppen og folk kosa seg. Så me er strålande nøgde med både oppmøtet under og avviklinga av årets Storehaugen Opp.