Strålande forhold og under ein månad att til Storehaugen Opp !

Jappen testar forholda på Storehaugen ein månad før motbakkeløpet går av stabelen.

Jappen testar forholda på Storehaugen ein månad før motbakkeløpet går av stabelen.

Det har allereie ei god stund vore heilt snøfritt i traseen opp til Storehaugen, noko som gjer at alt ligg til rette for glitrande tilhøve på løpsdagen 30. mai!

– Det var lite snø i utgangspunktet, og når april også vart varm og tørr har snøsmeltinga gått fort. Så no er traseen tørr og veldig fin, sjølv om det er nesten ein månad att til Storehaugen Opp. Med andre ord får ein god tid til å trena i traseen inn mot løpsdagen, seier Bjørghild Holien, leiar i friidrettsgruppa i Lærdal idrettslag, som arrangerer motbakkeløpet.

Meld deg på!

Påmeldinga har vore open ei stund og ein god del løparar er påmeldt i konkurranseklassa allereie – meld deg på her!

Det er ti år sidan Storehaugen Opp vart arrangert første gong, i 2009. Sidan har det vore «folkevandring» frå dalbotnen opp til Storehaugen på 908 moh kvar Kristi Himmelfarsdag. Ein kan vera med både som mosjonist, altså rusla opp i det tempoet ein måtte ønskja, eller delta i konkurranseklassen.

– Me har stor tru på mange deltakarar i år, så det er berre å setja av datoen. Alle får den flotte Storehaugen Opp-t-skjorta, og det er premie til dei beste konkurranseløparane. Så kryssar me fingrane for godt vêr 30. mai, for i år er me verkeleg godt i rute forholds- og planleggingsmessig. Vel møtt! avsluttar Holien.

Utsikta frå Storehaugen er framifrå – legg merke til kor lite snø som ligg att i fjellet alt i månadsskiftet april/mai.

Utsikta frå Storehaugen er framifrå – legg merke til kor lite snø som ligg att i fjellet alt i månadsskiftet april/mai.