Heilt snøfritt på Storehaugen 2. mai!
Det er tørre og fine forhold til Storehaugen ei veke før løpet. All snøen har smelta og det tørkar opp umiddelbart.
– Her ligg det an til mange personlege rekordar. Vêrmeldinga frå søndag av og fram til løpsdagen er veldig bra med sol, opphaldsvêr og gode temperaturar, seier Bjørghild Holien, leiar i friidrettsgruppa i Lærdal idrettslag, som arrangerer løpet.
Startstreken i sjukehusvegen er måla og alt ligg til rette for motbakkefest kristi himmelfartsdag, 10. mai.
Startstreken i Sjukehusvegen er måla og klar.
– Me er i rute til løpet: saft, vatn og drikkeflasker samt utstyr blir bore opp – dobbel trim for desse friviljuge, med andre ord. Det er premiering til alle i 15-års klassa og 70+, samt ei tredjedels premiering i konkurranseklassane. Alle deltakarane får t-skjorte i både mosjons- og konkurranseklassa.
For dei som ikkje har høve til å delta løpsdagen, kan ein melde seg på no før løpet og betala 150 kr på konto: 3838 302 1968 (friidrettsgruppa Lærdal IL), eventuelt Vipps: #131003, forklarar Holien:
– So kan ein gå ein dag det passar. Hugs å oppgje storleik på t-skjorte på Messenger, e-post eller SMS til 95139357, so får du t-skjorta seinare.
– I år er det 10 års jubileum og med so gode forhold, håpar me på stor deltaking. Det er mogleg å melde seg på same dag inntil ein time før start, som er klokka 13:00 i konkurranseklassa. Ordinær påmelding er innan tysdag 8/5 kl 23:59. Me håpar flest mogleg melder seg på innan ordinær frist.