Har tru på stor deltaking under jubileumsløpet

Bjørghild Holien (f.h.), Anna Tråve og Rolf Engløkk på Storehaugen 22. april

Bjørghild Holien (f.h.), Anna Tråve og Rolf Engløkk på Storehaugen 22. april

Kristi himmelfartsdag, 10. mai, går Storehaugen Opp av stabelen for tiande gong. Påmeldingane tikkar inn og løypa smeltar fram, så no ligg alt til rette for motbakkefest i Lærdal! Meld deg på her!

– Me er mektig imponert over at dei beste løparane frå heile landet kjem hit for å springa. Dei er tydelegvis nøgde når dei kjem att år etter år. Lokalt er det også bra oppslutning, seier Bjørghild Holien, leiar i friidrettsgruppa i Lærdal idrettslag, som arrangerer løpet.

– Luksusproblem å finna eigna motbakke i Lærdal

Storehaugen Opp gjekk av stabelen for første gong i 2009. Heile 84 deltok i konkurranseklassa og 231 i mosjonsklassa

– Me vart overvelda fyrste året. Motbakkebølgja var i starten, og me kom inn på rett tidspunkt – altså fyrst på sesongen og før absolutt alle skulle ha sitt eige motbakkeløp; om det var motbakkar eller ei. Her i Lærdal har me motbakkar overalt, slik at det vart eit luksusproblem å finne den mest eigna plassen, seier Holien.

Anna Tråve på Harasiglet med utsyn over Lærdalsøyri.

Anna Tråve på Harasiglet med utsyn over Lærdalsøyri.

Valet av motbakke fall altså på Storehaugen – lia og toppen som ruvar vel 900 meter over Lærdal sentrum. Sidan har deltakartalet variert frå litt over 300 til 434 rekordåret 2011.

– Vêret har nok mykje å seia for mosjonistane, og fleire kan verta forhindra av ymse grunnar, som konfirmasjonar og så vidare, so me håpar alle som kan, vil koma. Me har plass til alle og alle får t-skjorte etter løpet; same farge og motiv som fyrste året, fortel Holien.

Kjem nokon opp Storehaugen på under halvtimen?

Eitt spenningsmoment er deltakartalet, eit anna er vinnartida. I herreklassen er rekorden på 30 minuttar og 18 sekundar, sett av Stian Angermund-Vik fråVaregg IL i 2016.

– Angermund-Vik skreiv ei gong at dette er eit av dei finaste løpa han er med på – han likar traseen, stemninga og Lærdal. Dette seier sitt då han er europameister i motbakkeløp og deltek på svært mange løp i Noreg og utlandet, seier Holien. 

Den ståande rekorden i kvinneklassa skriv seg frå 2013 – då sprang Kirsten Marathon Melkevik frå IL Gular på 37 minuttar og 24 sekundar.

Kor gode tidene blir i år har mykje med føre og forhold å gjera, og no byrjar det å sjå bra ut, fortel Holien:

– Føreforholda er bra, me har vore skeptiske til store snømengder på toppen, men siste veka har det smelta enormt. No håpar me siste rest reiser i løpet av dei neste par vekene. Det er tørre og fine forhold nesten heilt opp. Og fleire har tilbydd seg å spa om det blir nødvendig. Etter ein testtur på søndag var me svært optimistiske, avsluttar Holien.