Strålande jubileumsløp opp Storehaugen

Vinnarane i kvinne- og herreklassa Elisabeth Hildenes og Erland Eldrupe.

Vinnarane i kvinne- og herreklassa Elisabeth Hildenes og Erland Eldrupe.

Framifrå vêr og føre då vel 300 tok seg 900 høgdemeter opp på Storehaugen i Lærdal Kristi himmelfartsdag.

– Arrangementet har gått knirkefritt; veldig god stemning heile vegen oppover og folk verkar svært nøgde, seier Bjørghild Holien, leiar i friidrettsgruppa i Lærdal idrettslag, som arrangerer Storehaugen Opp.

Kjappast opp vart Erland Eldrup frå Varegg IL på 35 minuttar og 40 sekundar – 19 sekundar raskare enn fjorårets vinnartid.

– Ei tid det står respekt av; i dag var også føret svært bra; fleire sa dette var beste tilhøva som nokon gong har vore under Storehaugen Opp. Nesten i varmaste laget, det var mange slitne kroppar i målområdet etter løpet. Heldigvis friska ein god porsjon vind opp, seier Holien.

På 2. plass i herreklassa kom Andreas Søfteland frå Opptur Motbakkeklubb på tida 36 minuttar og 2 sekundar og 26 sekundar bak han att Ola Jordheim frå Hemsedal IL på 3. plass.

 310 registrerte deltakarar

I kvinneklassa var det Elisabeth Hildenes som gjorde det skarpast; jenta frå Eid tok seg opp den bratte løypa på 41 minuttar og 56 sekundar. 2. plassen i kvinneklassa gjekk til Stine Mari Taule, IL Gular; ho sprang på 42 minuttar og 41 sekundar. Merete Helgheim frå Gloppen FIL kapra 3. plassen i kvinneklassa på tida 44 minuttar og 42 sekundar.

Sjå resultatlista her!

– Litt ekstra artig med Helgheim på pallen ettersom ho vann kvinneklassa i første utgåva av Storehaugen Opp i 2009, seier Holien.

Det var strålande sol og sommartemperaturar i Lærdal då løpet gjekk av stabelen Kristi himmelfartsdag; ei perfekt råme rundt den tiande utgåva av Storehaugen Opp.

80 deltok på tid og 230 i mosjonistklassa – totalt var altså 310 registrerte løparar med på motbakkefesten i Lærdal som for mange av dei aktive motbakkeløparane er sjølve startskotet for sesongen.

– For ein månad sidan var eg nesten i stuss om det vart noko Storehaugen Opp i år; snømengdene på toppen var store. Sidan har vêrgudane vore med oss heile vegen, så det var utruleg kjekt at det gjekk så vel når me arrangerer dette for tiande gong. Takk så mykje til alle som deltok og alle friviljuge som har stått på for å gjera løpet mogleg – både i år og dei føregåande ni åra, seier Holien.