Storehaugen Opp blir eit alternativt Storehaugen Opp

18622163_10206718656404253_1114176922674462426_n.jpg

Myndigheitene har sagt at alle kultur-og idrettsarrangement fram til 15.juni ikkje skal arrangerast.

Årets Storehaugen Opp Kristi himmelfartsdag 21. mai blir ikkje arrangert. I staden for å avlyse, blir det høve til å delta på eit alternativt Storehaugen Opp. Dei som vil delta på årets løp kan gå ein dag mellom 1.mai og 1 september og sende ein mail med navn  for å få registrert deltakinga.

Storehaugen Opp blir då i form av individuell deltaking der ein, to eller tre går i lag, jmf forskriftene om avstand. Pga at ein ikkje skal skrive i turbøkene, kan ein registrere navnet sitt i  appen DNT sjekkUt, eller sende ein mail til :bjorghild.holien@gmail.com

 Me har eit lager med t-skjorter i ulike fargar frå tidlegare løp. Sjølv om det er tomt for enkelte storleikar i enkelte fargar, har me fleire i andre fargar. Mange har sikkert slite ut t-skjorta si ,so det kan vera greitt med ei ny. Oppgje storleik og farge/ alternativ farge og vipps 100 kr til friidrettsgruppa  #131003 viss du vil ha t-skjorte.

 Dei som vil springe på tid kan ta tida sjølv eller få andre til å ta tida. Tidene kan eg registrere , men dei blir då uoffisielle.

Me håpar dette kan vera eitt godt alternativ i staden for å avlyse. Utsetjing til hausten er ikkje aktuelt då det allereie er mange løp og mange set ut arrangementa til seinare.

 Håpar mange vil delta på denne folkehelsedugnaden og i kampen mot covid 19. Å halde seg i form er uansett ikkje feil.

 Terrengløpet Galdane Rundt blir arrangert 19.september om ikkje anna blir bestemt.

Vel møtt til Norges finaste terrengløp til hausten og til neste års Storehaugen Opp til våren!

 Arrangørane