Vel møtt til den 12. utgåva av Storehaugen Opp!

Storehaugen i vinterskrud

Storehaugen i vinterskrud

Storehaugen Opp blir arrangert for 12.gong Kristi Himmelfartsdag 21.mai 

No er det att 3 månadar å trene på, og løypa er opptråkka med snø frå ca halvveges. Det er ein fordel med piggsko, ta med brodd og evt truger ved snøfall !

Nytt av året er klasseinndeling 70-74 år, 75-79 år og 80 +. Tidlegare var eldste klassa 70+.

I eldste klassa blir det gjeve løyve til å gå med stavar so sant deltakarane ikkje sprenger seg fremst i startfeltet.

Det er registrering av mellomtid ved drikkestasjonen på Skirset som er halvveges.

Nylontaua er bytta ut med hamptau  og me køyrer eit miljøvennleg arrangement.:-)

Lykke til med treninga og vel møtt til løpet!

Storehaugen februar 2020