Alternativ Storehaugen Opp også i år

Heller ikkje i år vert det lov å arrangere Storehaugen Opp på vanleg måte, men me køyrer same opplegget som i fjor, med eit Alternativt Storehaugen Opp.

Mosjonistane kan gå ein dag mellom 1.mai og 1.oktober og få registrert deltakinga ved å sende meg ein mail: bjorghild.holien@gmail.com

Dei som vil springe på tid kan registrere dette i strava der det er segment frå startstreken og heile løpstrasen opp. Det er og segment frå busskuret ved vegen og opp forbi målstengene på toppen, alternativt ta tida sjølv. Dette vert uoffisielle tider.

Dei som ynskjer å kjøpe t skjorte frå tidlegare år, kan gjera dette via telefon (95139357), mail og Vipps til Friidrettsgruppa i Lil #131003. Den kostar 100 kr og me har fortsatt att størrelser i ulike fargar.

Medan de er på toppen, kan de ta ein avstikkar på 5 min ned på varden for å sjå på utsikta utover Lærdalsøyri og omegn.(sjå bilder frå flagging 9.de mai )

Når me har fått på plass att flaggstongkula vil me heise oppatt det nye Storehaugen flagget!

Me håpar på å arrangere terrengløpet Galdane Rundt 18.september. Meir om det på facebooksida @galdanerundt

Sjølv om mykje er stengt i desse coronatider, er naturen alltid open!

God tur, god summar og so satsar me på eit tradisjonelt Storehaugen Opp i 2022!