Storehaugen Opp 2022

Friidrettsgruppa i Lærdal IL arrangerte Storehaugen Opp for 12.gong, Kristi himmelfartdag 26.mai.

Storehaugen Opp er eitt av tre uttaksløp til EM i motbakke i Spania i juli i år. Det var stas å få vera arrangør for eit motbakkeløp med EM uttak. Løpet er på 3,7 km og har ein stigning på nær 25 %, mål er på Storehaugen på 908 moh.

 

Mange tidlegare vinnarar av Storehaugen Opp stilte på startstreken i år, deriblant Stian Angermund som har løyperekorden på 30:18 minutt. Han har vunne tre gonger før og vann suverent i år og på tida 31:11 minutt. Han tykte det var kjekt å koma tilbake Lærdal noko me arrangørane sette pris på å høyre. Nr to var Stian Dahl Sommerseth frå Hoxauntold_Movement som kom i mål på 32:57 minutt og tredje beste var Joel Dyrhovden, Samnanger IL på 33:24 minutt. Bak desse kom Geir Steig, Luster IL og Øyvind Heiberg Sundby, Tjalve som begge har vunne totalt tidlegare år.

 

I dameklassa vann Anita Iversen Lilleskare, Bfg Bergen Løpeklubb på 38:55 minutt. Ho vann og i 2017 på tida 38:52 minutt.

 Andre beste dame var Nora Markhus, Stord Il på 39:28 minutt og tredje beste var Ingvild Sangesland, Øvrebø på 42:24 minutt.

 

Eldste deltakar var Ola Fossheim, Vestre Slidre IL på 83 år, han kom godt fornøgd i mål i klasse 80+. Nest eldste klasse var klasse 75-79 år med to deltakarar, alder er ingen hindring i motbakkeløp

63 stilte på startstreken og 61 fullførde på tid.

 

Vel 160 gjekk i mosjonsklassa. Totalt var 220 med på arrangement i dag. På turen nedatt var det servering av spekemat og flatbrød, ein tradisjon som deltakarane set stor pris på.  I mål fekk alle Storehaugen Opp t-skjorte og det var god premiering i konkurranseklassa.

 

Frivillige har bore utstyr, saft og drikkeflasker til topps og Lærdal Turlag og Lærdal Hjelpekorps og andre frivillige har bidrege med dugnadsarbeid for at arrangementet skulle bli vellukka.

 

Friidrettsgruppa er veldig fornøgd med at vel 220 deltok på årets Storehaugen Opp og tilbakemeldingane frå løparane var og veldig gode. Det var kjekt å få arrangere motbakkeløp etter to år med coronarestriksjonar.

 

Tusen takk til alle som deltok og vel møtt neste år.

Lykke til til dei som skal til EM i motbakke i Spania!

 

 Bjørghild Holien, leiar i Friidrettsgruppa i Lærdal IL

 

Vinnar av herre og dameklassen, Stian Angemund og Anita Iversen Lilleskare

Vinnar av dameklassen Anita Iversen Lilleskare

Nr.1 Stian Angermund

Nr..2 Stian Dahl Sommerseth

Nr.3 Joel Dyrhovden