Pressemelding Storehaugen Opp 2024

Vinnarane av herreklassen og dameklassen Storehaugen Opp 2024

STOREHAUGEN OPP 9.MAI 2024

Friidrettsgruppa i Lærdal IL arrangerte Storehaugen Opp for 14.gong Kristi Himmelfartsdag 9/5. Motbakkeløpet er på 3,7 km og har ein stigning på 25 %. Starten går frå Sjukehusvegen og mål er på Storehaugen på 908 moh.

Heile 71 starta i konkurranseklassa og med mosjonistar og funksjonærar var heile 260 personar med på årets Storehaugen Opp.

Totalvinnar var Trym Dalset Lødøen, frå Haugen IL på tida 33:19 minutt, nr 2 var Torstein Tengsareid, frå Egersund IK på 34:39 min. Han vann totalt i 2013 og hadde teke turen i år og. Tredje beste var Halfdan-Emil Færø, Varegg Fleridrett 34:45 minutt.

Dameklassa vart vunnen av Anita Iversen Lilleskare, BFG Bergen Løpeklubb på tida 40:01 minutt, Andre beste dame var Karoline Holsen Kyte, Førde IL Friidrett, som brukte 40:48 min opp og tredje beste Elise Elvehøy, Sogndal kom inn på 42:08 minutt. Anita vann også blant damene i 2017. I år hadde ho med seg sønene som sprang i yngste klasse 16-19 år, Jonas brukte 37:20 min etterfulgt av Andreas på 38:37 min.

Eldste deltakar var evigunge og spreke Birger Normann Hanstveit, Mjøsdalen IL i klasse 80-85, han var knapt andpusten då han kom i mål på 1:15 t Han vil koma att neste år og.

Røde Kors hjelpekorps stillte som vanleg opp med sanitetsvakter langs heile løypa, samt dei delte ut spekemat og flatbrød på Skirset. I mål delte dei ut drikkeflasker til konkurranseløparane.

Barnas Turlag hadde arrangementet Mini-Storehaugen opp med tur til Harasiglet. Der laga dei god stemning og heia på løparane som sprang forbi.

Me arrangørane er svært nøgde med oppmøte og innsatsen på årets Storehaugen Opp.20 fleire sprang på tid i år i forhold til i fjor. På grunn av litt dårleg værmelding, frykta me liten deltaking, men løparane ville heller springe i overskya vær enn knall sol.

Tusen takk til alle for deltakinga og vel møtt neste år!

Bjørghild Holien, løpsleiar Storehaugen Opp og leiar i Friidrettsgruppa i Lærdal IL