Årets t-skjorte er turkisfarga i teknisk kvalitet. Den er fin å trimme og trene i og er vel verdt å sveitte for! T-skjorta finnes i str til barn, small dame og unisex S,M,L,XL, 2XL og 3 XL.
Alle deltakarane får T-skjorta etter løpet. Nytt av året er at alle mosjonistar betaler 150 kr og born under 16 år betaler 100 kr i deltakaravgift. Me har gått vekk frå prisar med familie og kombinasjon mosjonistar og konkurranseløparar.
Konkurranseløparane betaler 250 kr ( + evt 30 kr i lisens)
Dei som vil springe på tid, må fylle 15 år inneverande år. Dette er regel frå Friidrettsforbundet i motbakkeløp.
Me har opna opp for at yngre løparar, kan delta, men då stiller dei i klasse utanfor konkurranse.
Dei som ynskjer å delta, men som ikkje har høve til å gå løpsdagen, kan gå ein annan dag det passar, betale og få T-skjorta. Viktig at deltakarane melder seg på før løpet slik at dei blir med totalregistreringa 14.mai.
Det er ikkje lov å bruke stavar i konkurranseklassa på Storehaugen Opp. Unntak kan gjevast mtp alder.

