Pressemelding 2016

Friidrettsgruppa i Lærdal il arrangerte motbakkeløpet Storehaugen Opp for åttande gong pinseaftan 14 mai .

Fjorårsvinnaren Stian Angermund-Vik , Varegg sette ny løyperekordmed 1 minutt. Den nye løyperekorden er på 30:18 minutt. Det var han sjølv som hadde den tidlegare rekorden frå 2014.  Stian vann og i fjor og det er femte gongen han spring Storehaugen Opp. Han var 5:43 minutt framfør nr 2 som var Vegard Galaaen, Bøverdalen ilpå 36:01 og nr 3 Rune Eckhoff, Kaupanger il på 36:02. Ein hard duell på slutten!

Dameklassa vart i år som i fjor, vunnen av Therese Sjursen, Bergen løpeklubb på 41:49 minutt. Ho vann framfør Anita Håkenstad Evertsen,  Øystre Slidre som hadde tida 42:03. Nr 3 totalt blant damene var Stine Marie Taule, Kyrkjebø il på tida 44:44.

Det var 120 i konkurranseklassa og over 230 mosjonistar som deltok på Storehaugen Opp!

Mange var innom lavoen på toppen og alle sette pris på spekemat og flatbrød serveringa på nedatturen.

Det var perfekt løype og vær å springe i og tilbakemeldingane var utruleg gode. Friidrettsgruppa er svært fornøgd med innsatsen og ynskjer løparane vel møtt neste år.


Tusen takk til deltakarane, sponsorar og frivillige som gjorde at Storehaugen Opp 2016 vart eit flott arrangement!

Arrangørane av Storehaugen Opp