STOREHAUGEN OPP 29.MAI 2025
Friidrettsgruppa i Lærdal IL arrangerte Storehaugen Opp for 15.gong Kristi Himmelfartsdag 29/5. Motbakkeløpet er på 3,7 km og har ein stigning på 25 %. Starten går frå Sjukehusvegen og føl vegen 300 m flatt før motbakken byrjar. Derifrå går det med ein gjennomsnittleg stigning på nær 28 % til mål på Storehaugen 908 moh.
I år var Storehaugen Opp eitt av tre motbakkeløp i Norsk Motbakkecup. Resulat frå løpa er grunnlag for deltaking i World Mountain and Trail Running Championship Canfranc 2025.
83 personar deltok i konkurranseklassa og med mosjonistar, Barnas Turlag, Røde Kors og funksjonærar ,var det 270 personar med på årets Storehaugen Opp!
Totalvinnar vart danske Jeppe Aaskov Pallesen frå Hinnerup Løberne/ Romsdal Randonee Klubb på tida 31:59 minutt . Berre Stian Angermund har sprunge fortare tidlegare år og han innehar løyperekorden på 30:18 minutt. Nr to vart Daniel Dukstad frå Voss IL på tida 32:42 minutt og tredje beste vart Joel Dyrhovden, Samnanger IL på 32:52 minutt.
Dameklassa vart vunnen av Karoline Holsen Kyte, Førde IL på 37:45 minutt, nr to Elise Elvehøy, Sogndal IL brukte 39:19 minutt opp. Tredje beste dame Anita Iversen Lilleskare, BFG Bergen Løpeklubb sprang på 40:01 minutt. Imponerande innsats av Karoline som fødde ei jente for 11 veker sidan. Mann og babyen Mathilde deltok i mosjonsklassa og mora tok ein ammepause på toppen etter løpet.
Været og løpsforholda var optimale, dei beste som har vore på desse 15 åra. Tilbakemeldingane frå løparane var berre positive noko som motiverer til å fortsatt arrangere.
Barnas Turlag hadde arrangementet « Mini haugen opp». Dei gjekk til Harasiglet der dei heia fram løparane på tur oppover. Røde Kors Hjelpekorps stod for sikkerheita og ingen vart skada. På tur nedatt ved drikkestasjon var det spekemat- og flatbrødsevering noko som er særpreg for dette arrangementet.
Me arrangørane er særs nøgde med oppmøte og innsatsen på årets Storehaugen Opp! Tusen takk for deltakinga og vel møtt på Kristi Himmelfartsdag neste år!
Bjørghild Holien, løpsleiar for Storehaugen Opp og leiar i Friidrettsgruppa i Lærdal IL
Bilete av vinnarane i herre og dameklassen. Fleire bilete kan sjåast på Storehaugen Opp si FB side: Facebook
Vinnaren av årets Storehaugen Opp, Jeppe Aaskov Pallesen på tida 31:59 min
Karoline Holsen Kyte vann dameklassa på 37:45 minutt