Storehaugen Opp 2023

Friidrettsgruppa i Lærdal il arrangerte Storehaugen Opp for 13.gong Kristi Himmelfartsdag 18.mai. Motbakkeløpet er på 3,7 km og har ein stigning på nær 25 %.  Starten går frå Sjukehusvegen og mål er på Storehaugen  908 moh.

 

Trenden med at alle idrettslag skulle arrangere motbakkeløp, er no snudd og dei fleste store løpa er no nedlagde.Deltakantal på løpa har vore fallande og  me var difor spente på oppmøte på årets løp. Tilbakemeldingane  frå fornøgde løparar var at dei tykte det var flott me fortsatt arrangerte og at det måttte me fortsetja med. Dette var motiverande og oppmuntrande å høyre. So lenge det kjem bra med deltakarar fortset me å arrangere.

 

50 sprang på tid på årets løp og totalt var 230 personer med på  arrangementet. Det var perfekt vær og turr trase. Snøen som låg lenge på siste delen hadde heldigvis smelta siste vekene.

 

Totalvinnar var Geir Steig, Luster IL på tida 33:18 minutt, han vann i 2017 på 35:59 min, Geir var over 4,5 minutt framfør nr to Bjørn Rusten Lundberg , Varegg Fleridrett på 37:52 minutt. Han avslutta skisesongen på Filefjell i går og tok turen til Lærdal for å springe motbakkeløp i dag. Nr 3 var Leif Bjørn Grindedal, Bjørgum IL på 38:20 minutt. Han var usikker på om han rakk starten då han jobbar offshore og var på veg heim då han melde seg på. Han rakk både starten og tok ein solid tredjeplass.

 

 I kvinneklassa vann Charlotte Watson, Varegg Fleridrett på 45:49 minutt. Ho hadde fått anbefalt løpet av løyperekordhaldaren, og ein av verdas beste motbakkeløparar, Stian Angermund ,som hadde sagt at Storehaugen  Opp var eitt av favorittløpa hans.  Evigunge  Anna Tråve frå arrangørklubben Lærdal Il vart nr 2.på tida 50:49 minutt. Anna spring i klassen 65-69 år og hadde eksakt same tida som ifjor.  Nr 3 vart Emilie Westli Andersen, Løten O lag på 51:31 minutt

 

I klassa 80 + var det to løparar der Birger Hanstveit, Mjøsdalen Il vann og 84 årige Ola Fosheim, Vestre Slidre IL vart nr to. Neste år må me oppgrade ei klasse til 85-89 år !

 

Barnas Røde Kors hadde eige arrangement med Storehaugen Opp for dei minste med tur til Harasiglet. Dei starta før på dagen og stod å heia med flagg til løparane som sprang forbi. Dei ungane som ikkje gjekk sjølv, sat i bæremeis. Yngste deltakar var knappe to månadar og låg i bæresele til mor. Premien til desse og alle andre deltakarar var Storehaugen opp t-skjorte.

 

Yngste deltakar heilt til topps var Lerke S.Skilbrei på 4,5 månad i bæresele. Ho hadde foreldre med og eigen drikkestastasjon.

Røde kors hadde postar på heile ruta og dei hadde drikkestasjon på Skirset der det var servering av drikke opp og flatbrød og spekemat på tur nedatt.

 

Tusen takk til Lærdal Turlag, Barnas Turlag, Lærdal Røde Kors hjelpekorps og Omsorgstjenesten ( kafe) og takk til alle frivillige berarar og medhjelparar for godt dugnadsarbeid.

Fridrettsgruppa er kjempefornøgd med årets Storehaugen opp!

 

Tusen takk til alle som deltok og vel møtt neste år !

  

Bjørghild Holien, løpsleiar Storehaugen opp, Friidrettsgruppa i Lærdal IL.

 

Vinnar av dameklassen og herreklassen Charlotte Watson og Geir Steig

Vinnar av dameklassen Charlotte Watson

Vinnar av herreklassen Geir Steig

Heiagjengen på Harasiglet

Nr.2 Bjørn Rusten Lundberg

Nr.3 Leif Bjørn Grindedal