Sjekk ut den flotte promovideoen for Storehaugen Opp!

Med halvannan månad att til Storehaugen Opp Kristi himmelfartsdag, 30. mai 2019 har arrangørane gleda av å publisera vår flunkande nye promovideo! Filminga vart gjort under løpet i 2018, og då viste både traseen og toppen seg frå si beste side, så denne er absolutt verdt å få med seg!

Videoen er lokalt produsert av Thyri Tale ved Karoline Thyri, og musikken laga av lærdalsmusikaren Vemund Osland. Arrangørane har fått tilskot frå Lærdal Næringsutvikling til finansiering av filmen.

Ta deg to minuttar til å nyta videoen – og ikkje minst, hugs å melda deg på Storehaugen Opp 2019 ved å klikka her for å koma til påmeldingsskjemaet!