Det nærmar seg Storehaugen Opp

Årets t-skjorte til alle som deltek på storehaugen opp

KLAR FOR STOREHAUGEN OPP?

Påmelding konkurranseløparar: 

Påmelding : https://deltaker.itj.no/storehaugenopp 

Ordinær påmeldingsfrist er dagen før, 8.mai innan  kl 22.00, 

Betal 280 kr til Friidrettsgruppa i Lærdal IL vipps  #131003 eller kontonummer 38383021968 om du ikkje har årslisens, ellers betaler du 250 kr.

Har du ikkje bestemt deg før same dagen er det mogeleg å melde deg på løpsdagen innan kl 12:30. Då med eitt tillegg i pris på kr 100,- Etterpåmelding og henting av startnummer skjer i sekreteriatet på Lærdalsøyri Skule.

Starten går kl 13:00 og det er fellesstart i krysset sjukehusvegen/skulevegen.

Påmelding mosjonistar: 

Mosjonistane melder seg på ved Lærdalsøyri skule mellom kl 09:30 og 12:00. For å gjera det enklare, kan ein fylle ut skjema for mosjonistar, som ligg på heimesida. Elles melder ein seg på ved start, betaler 150 kr evt familie maks 400,-kr.

Alle som deltek i mosjonist -og konkurranseklassa får t-skjorte etter turen. 

Dei som ikkje har høve til å gå løpsdagen, kan melde seg på førehand til: bjorghild.holien@gmail.com eller melding fb /mobil 95139357, betale 150,-kr til Friidrettsgruppa vipps #131003 og gå ein dag seinare når det passar. Hugs å oppgje str på T-skjorta, den finnst i str 8-10 år, XS, S, M , L , XL, 2XL og 3XL,(unisex) og  i år er den i bomull. 

Det er viktig ein melder seg på FØR løpet slik ein blir med i totalantallet for arrangementet.

På Lærdalsøyri skule er det:

Påmelding og henting av startnummer

Info om løpet

Gratis frukt sponsa av KIWI

Kafe ved dugnadsgruppa i 9 klasse, servering av suppe, kaffi og kaker

Utdeling av T-skjorte til alle løparar etter løpet

Dusjmogelegheiter

Premieutdeling so snart resultata er klare

Undervegs i løypa til Storehaugen:

Drikkestasjon ved Skirset ( halvvegs) Servering av vatn og  saft sponsa av Lerum. På tur nedatt vert det servert flatbrød og spekemat  sponsa av Nortura.

I mål er det drikkeflasker med yt og  powerade sponsa av Coop. 

Røde Kors har postar langs løypa for å ivareta sikkerheiten.

Barnas Turlag har eige arrangement "Storehaugen Opp for dei minste" med tur til Harasiglet.

På toppen er det lavvo ein kan varme seg i. 

Løypa:

Det er snøfritt til Vetlehaugen. Derifrå er det litt snø, men satsar på at mykje smeltar fram til løpet då det er meldt sol og gode temperaturar.  Værmeldinga er lovande!

Håpar å sjå mange på løpsdagen Kristi himmelfartsdag 9.mai.

Vel møtt!