TRASEEN STOREHAUGEN OPP 

Starten er ved  Sviggum  200meter aust for krysset der sjukehusvegen tek av frå riksveg 5. Starten er 20moh og her stig det jamt opp mot Storehaugen. Stien er noko steinete i starten, men er godt merka og rydda då Lærdal Turlag har to trimpostar på strekningen, Harasiglet og på Storehaugen.Turlaget har  sett opp skilt med navn på  plassar oppover stien og vidare over til Hognåsen og nedatt i Habben. Dette er forøvrig ein fin rundtur som kan anbefalast, (sjå omtale i Opptur boka. )

Turlagsbrosjyre ligg her og her klikk på brosjyren for å få full størrelse

Stien til Storehaugen går i skogen  langs ryggen på Erisåsen opp til trigenometrisk punkt på  908 moh. Det er jamn stigning opp med eitt flatt parti før  Skirset som er omlag halvveges til Storehaugen. Det er ikkje vatn å finne på vegen opp eller på toppen, so me oppfordrar deltakarane til å ta med drikke. Skilt på vegen opp er Gygrefoten, knytt til eitt sagn, Nedre og Øvre Seklepp, Harasiglet, Krokabakkstein, Skirset, Svinakleivi, Vetlehaugen, Halvfardekkene,( halvveges til stølen på Hognåsen),  Kattuglegalden og Storehaugen. Siste 100meterane går beint opp skaret til Storehaugen. Her er det svært bratt, men ufarleg.  

Det er fine utsiktspunkt ved Harasigle der ein ser Øyri og fjorden med omkringliggande fjell. Elles er det fin utsikt på begge sider av stien fleire plassar der ein ser oppover dalen, Eri og Tønjum, Oftedalen, Stødnaåsen og ut fjorden.

Traseen opp er på 3,3 km med gjennomsnitleg stigning på 28%.

Kart over traseher    Klikk på kartet for full størrelse.

Profil over trase her Klikk på profilen for full størrelse