STOREHAUGEN OPP   2010 

 

På møte i MBU ( motbakkeutvalet) 29/9-09 vart det bestemt at Storehaugen Opp vert Kristi Himmelfartsdag 13 mai neste år.

Me har fått ein del tilbakemeldingar ang. arrangementet og vil ta med desse synspunkta i planane framover. Me kjem til å bruke lesten frå i år med visse forbetringar. Det er fortsatt høve til å koma med synspunkt, ris og ros på heimesida eller direkte med Bjørghild, Jan Chr., Hallvard eller Tor Anders. 

Det vert 1/3 premiering, 15 åringar kan delta i eigen klasse, er utøvarane yngre, og vil ha ei tid, må dei melde seg i 15års klassen. Det vert web påmelding, skilting med km oppover traseen og fellesstart i Sviggum med dei anteke beste i fremste rekke.

Me vil i tida framover jobbe med sponsorar, forbetringar og arrangementet rundt Storehaugen Opp.

Me var svært nøgde med deltakinga og engasjementet i fjor og vonar på like bra, viss ikkje betre neste år!

Legg dykk i trening i haust/ vinter. Det er no grunnlaget blir lagt.