GYGREFOTEN

På vegen opp mot Storehaugen er det mange stadnamnskilt. Det fyrste skiltet ein møter på etter starten i Sviggum er Gygrefoten. Det er eitt 40 cm langt fotavtrykk i  svaberget ved Seklepp. Historia fortel at det var tre troll, han Tor på Storhaug og han Trombe i Freibotnen, på andre sida av Lærdalen, og han Sjur i Sjørell.  Han Sjur hadde ei halvvaksen dotter som heitte Jygre. Ho var ei vilter og kvass jente som visste kva ho ville. No ville ho gifte seg men han Tor i Storhaug, dei var på omlag grannar, og ein sprek kar var det, men noko særleg rik var han ikkje. Gamlingen tenkte meir på alderdomen og meinte ho heller kunne gifte seg med han Trombe i Freibotn, som hadde både sølv og gull og mykje meir fjell . På friarføter hadde han vore mang ei gong, men det vart ingenting av, Jygre slo seg vrang. Sjur tok til å verta halvlei av å gjete dotter si, men var ikkje huga til å gje seg. Ei vårnatt med måneskin smeit Jygre seg ut og meinte seg opp til han Tor i Storhaug. Ho var på veg opp Seklepp då han Sjur oppdaga det. Jygra trassa seg og ville ikkje. Dei tretta og til slutt vart dei forlikte om at ho skulle få den som var sterkast. Trombe var størst, so Sjur trudde det skulle gå hans veg. Han ropa til Tor og Trombe at dei skulle finne kvar sin kampestein. Den som kasta lengst skulle få ho Jygre. Trombe kasta fyrst. Steinen gjekk tvers over dalen og datt ned på den andre sida av elvi med eit dunder. So kasta Tor, og steinen gjekk tverrs over dalen til Hundersnosi. Trombe måtte dra seg unna so han ikkje vart råka. " Det vart han Tor!" ropa Sjur. Jygre la på sprang opp til Storhaug. Ho spente so hardt frå med høgrefoten at eldslogen stod om henne, og fotefaret brende seg ned i fjellet- og står der enno. Trombe sin stein ligg enno i elvekanten, men vert helst kalla Trombesteinen i dag. Torsteinen ser me mot himmelen når me står ved Trombesteinen.

        Etter Oddkjell Bosheim, Lærdal. Frå boka Bergteken ,Nye vegar til gamle segner.

 

 

                                                                                                       

 

VETEN PÅ STOREHAUGEN,

På 900 talet varsla dei krig og at fienden var på veg ved å tende vetar (bål), det var sikt frå ein vete til neste, slik at alle skulle bli varsla. På vetepunkta, var det ei vetestove og vetevakt som kunne varsle vidare til neste vete. Oddkjell Bosheim har kartlagt ei rekkje vetepunkt både her i kommuna og nabokommunane. På Storehaugen er det ein vete like ved stien.