Storehaugen Opp 2023

Friidrettsgruppa i Lærdal il arrangerte Storehaugen Opp for 13.gong Kristi Himmelfartsdag 18.mai. Motbakkeløpet er på 3,7 km og har ein stigning på nær 25 %.  Starten går frå Sjukehusvegen og mål er på Storehaugen  908 moh.

 

Trenden med at alle idrettslag skulle arrangere motbakkeløp, er no snudd og dei fleste store løpa er no nedlagde.Deltakantal på løpa har vore fallande og  me var difor spente på oppmøte på årets løp. Tilbakemeldingane  frå fornøgde løparar var at dei tykte det var flott me fortsatt arrangerte og at det måttte me fortsetja med. Dette var motiverande og oppmuntrande å høyre. So lenge det kjem bra med deltakarar fortset me å arrangere.

 

50 sprang på tid på årets løp og totalt var 230 personer med på  arrangementet. Det var perfekt vær og turr trase. Snøen som låg lenge på siste delen hadde heldigvis smelta siste vekene.

 

Totalvinnar var Geir Steig, Luster IL på tida 33:18 minutt, han vann i 2017 på 35:59 min, Geir var over 4,5 minutt framfør nr to Bjørn Rusten Lundberg , Varegg Fleridrett på 37:52 minutt. Han avslutta skisesongen på Filefjell i går og tok turen til Lærdal for å springe motbakkeløp i dag. Nr 3 var Leif Bjørn Grindedal, Bjørgum IL på 38:20 minutt. Han var usikker på om han rakk starten då han jobbar offshore og var på veg heim då han melde seg på. Han rakk både starten og tok ein solid tredjeplass.

 

 I kvinneklassa vann Charlotte Watson, Varegg Fleridrett på 45:49 minutt. Ho hadde fått anbefalt løpet av løyperekordhaldaren, og ein av verdas beste motbakkeløparar, Stian Angermund ,som hadde sagt at Storehaugen  Opp var eitt av favorittløpa hans.  Evigunge  Anna Tråve frå arrangørklubben Lærdal Il vart nr 2.på tida 50:49 minutt. Anna spring i klassen 65-69 år og hadde eksakt same tida som ifjor.  Nr 3 vart Emilie Westli Andersen, Løten O lag på 51:31 minutt

 

I klassa 80 + var det to løparar der Birger Hanstveit, Mjøsdalen Il vann og 84 årige Ola Fosheim, Vestre Slidre IL vart nr to. Neste år må me oppgrade ei klasse til 85-89 år !

 

Barnas Røde Kors hadde eige arrangement med Storehaugen Opp for dei minste med tur til Harasiglet. Dei starta før på dagen og stod å heia med flagg til løparane som sprang forbi. Dei ungane som ikkje gjekk sjølv, sat i bæremeis. Yngste deltakar var knappe to månadar og låg i bæresele til mor. Premien til desse og alle andre deltakarar var Storehaugen opp t-skjorte.

 

Yngste deltakar heilt til topps var Lerke S.Skilbrei på 4,5 månad i bæresele. Ho hadde foreldre med og eigen drikkestastasjon.

Røde kors hadde postar på heile ruta og dei hadde drikkestasjon på Skirset der det var servering av drikke opp og flatbrød og spekemat på tur nedatt.

 

Tusen takk til Lærdal Turlag, Barnas Turlag, Lærdal Røde Kors hjelpekorps og Omsorgstjenesten ( kafe) og takk til alle frivillige berarar og medhjelparar for godt dugnadsarbeid.

Fridrettsgruppa er kjempefornøgd med årets Storehaugen opp!

 

Tusen takk til alle som deltok og vel møtt neste år !

  

Bjørghild Holien, løpsleiar Storehaugen opp, Friidrettsgruppa i Lærdal IL.

 

Vinnar av dameklassen og herreklassen Charlotte Watson og Geir Steig

Vinnar av dameklassen Charlotte Watson

Vinnar av herreklassen Geir Steig

Heiagjengen på Harasiglet

Nr.2 Bjørn Rusten Lundberg

Nr.3 Leif Bjørn Grindedal

Det nærmar seg årets Storehaugen Opp.

Årets t-skjorte

KONKURRANSELØPARANE:

Ordinær påmeldingsfrist er 15/5 kl 23:59.

Http://delta.itj.no/storehaugenopp

Melder du deg på etter dette, kjem eit tillegg på kr 100.

Du kan etterpåmelde deg innan kl 12 løpsdagen i sekreteriatet på Lærdalsøyri skule, der det og er henting av startnummer.

MOSJONISTAR:

Påmelding løpsdagen på Lærdalsøyri skule mellom kl 09:30 og 12:00

T-skjorte til alle etter turen.

Dei som IKKJE har høve til å delta løpsdagen, kan melde seg på på førehand til: bjorghild.holien@gmail.com eller min fb messenger, betale 150 kr for t-skjorta på vipps #131003 eller bankkonto: 38383021968 og gå ein dag seinare når det passar. Hugs å oppgje str på t-skjorta, den finnes i str small, medium, large, xl og 2xl samt barnestr 8-10 år og 12-14 år. Det er viktig å melde seg på FØR løpet, slik at de kan bli med i totalantalet for arrangementet.

PÅ LÆRDALSØYRI SKULE er det:

Påmelding mosjon og etterpåmelding konkurranseløparar.

Info om løpet.

Gratis frukt sponsa av Kiwi

Kafé ved fotballgruppa.

Utdeling av T-skjorter etter løpet til alle deltakararane.

Dusjmogelegheiter.

Premieutdeling so snart resultatlistene er klare.

Stand med Lærdal Ferie og fritidspark.

UNDERVEGS I LØPET er det drikkkestasjon ved Skirset (halvvegs) med utdeling av vatn og saft sponsa av Lerum til dei som spring på tid.

I mål er det drikkeflasker til dei aktive sponsa av Coop Extra.

På returen er det utdeling av flatbrød og spekemat sponsa av Nortura.

Røde kors har postar og samband opp langs heile løypa. Dei har med hjartestartar for sikkerheiten.

Barnas turlag har eige arrangement: "Storehaugen Opp for dei minste"

Ungar med foreldre vil gå til Harasiglet og heie på løparane når dei passerer der.

Dei ungane som vil gå heilt opp, kan melde seg på i saman med vaksne på Lærdalsøyri skule som vanleg.

VELKOMMEN TIL Storehaugen Opp 2023!

Påmeldinga for Storehaugen Opp 2023 har opna!

Dette gjeld konkurranseklassa og påmeldingsfristen er innan 15/5-23 kl 23:59. Etter dette kan du etterpåmelde deg i sekreteriatet løpsdagen 18.mai innan 1 t før start mot eit tillegg på 100 kr. Meld på her.

Startkontigent på 250kr på betalast til Lærdal IL friidrettsgruppa, kontonummer: 38383021968 eller Vipps #131003 Merk betalinga med Storehaugen Opp 2023.

Mosjonistane melder seg på i sekreteriatet. Skriv ut og ta med ferdig utfyllt påmeldingskjema . Du finn skjema her. Påmeldingsavgift betalast i sekreteriatet løpsdagen, 150kr, maks 400kr for familie.

Ved spørsmål om påmeldinga ring Bjørghild på 95139357 eller mail: bjorghild.holien@gmail.com


Meld deg på i dag! Startnummera blir tildelt etter påmeldingsrekkefylgjen.

Storehaugen Opp 2022

Friidrettsgruppa i Lærdal IL arrangerte Storehaugen Opp for 12.gong, Kristi himmelfartdag 26.mai.

Storehaugen Opp er eitt av tre uttaksløp til EM i motbakke i Spania i juli i år. Det var stas å få vera arrangør for eit motbakkeløp med EM uttak. Løpet er på 3,7 km og har ein stigning på nær 25 %, mål er på Storehaugen på 908 moh.

 

Mange tidlegare vinnarar av Storehaugen Opp stilte på startstreken i år, deriblant Stian Angermund som har løyperekorden på 30:18 minutt. Han har vunne tre gonger før og vann suverent i år og på tida 31:11 minutt. Han tykte det var kjekt å koma tilbake Lærdal noko me arrangørane sette pris på å høyre. Nr to var Stian Dahl Sommerseth frå Hoxauntold_Movement som kom i mål på 32:57 minutt og tredje beste var Joel Dyrhovden, Samnanger IL på 33:24 minutt. Bak desse kom Geir Steig, Luster IL og Øyvind Heiberg Sundby, Tjalve som begge har vunne totalt tidlegare år.

 

I dameklassa vann Anita Iversen Lilleskare, Bfg Bergen Løpeklubb på 38:55 minutt. Ho vann og i 2017 på tida 38:52 minutt.

 Andre beste dame var Nora Markhus, Stord Il på 39:28 minutt og tredje beste var Ingvild Sangesland, Øvrebø på 42:24 minutt.

 

Eldste deltakar var Ola Fossheim, Vestre Slidre IL på 83 år, han kom godt fornøgd i mål i klasse 80+. Nest eldste klasse var klasse 75-79 år med to deltakarar, alder er ingen hindring i motbakkeløp

63 stilte på startstreken og 61 fullførde på tid.

 

Vel 160 gjekk i mosjonsklassa. Totalt var 220 med på arrangement i dag. På turen nedatt var det servering av spekemat og flatbrød, ein tradisjon som deltakarane set stor pris på.  I mål fekk alle Storehaugen Opp t-skjorte og det var god premiering i konkurranseklassa.

 

Frivillige har bore utstyr, saft og drikkeflasker til topps og Lærdal Turlag og Lærdal Hjelpekorps og andre frivillige har bidrege med dugnadsarbeid for at arrangementet skulle bli vellukka.

 

Friidrettsgruppa er veldig fornøgd med at vel 220 deltok på årets Storehaugen Opp og tilbakemeldingane frå løparane var og veldig gode. Det var kjekt å få arrangere motbakkeløp etter to år med coronarestriksjonar.

 

Tusen takk til alle som deltok og vel møtt neste år.

Lykke til til dei som skal til EM i motbakke i Spania!

 

 Bjørghild Holien, leiar i Friidrettsgruppa i Lærdal IL

 

Vinnar av herre og dameklassen, Stian Angemund og Anita Iversen Lilleskare

Vinnar av dameklassen Anita Iversen Lilleskare

Nr.1 Stian Angermund

Nr..2 Stian Dahl Sommerseth

Nr.3 Joel Dyrhovden

1 månad igjen til løpet

No er det 1 månad igjen til løpet! Det er heilt tørr og fin trasé til Vetlehaugen, derifrå er det noko snø.

Påmeldinga er i gang, og her kan du både melde deg på og sjå kven som er påmeldte.

Stian Angermund har løyperekorden på 30:18 minutt og han er påmeld! Kanskje set han ny rekord?

Meld deg på og bli med på Vårens brattaste motbakkeløp!