Generell Info
Løpet vil starte i krysset ved Sviggum, sjå heilt til høgre på kartet over sentrum (Sviggum rett ved buss stopp).Det er ingen problem å ta seg til fots frå hotell og camping til starten på løpet.
Campingplass ligg heilt i venstre side av kartet. Hotel og butikkar ligg i sentrum.Det blir lagt ut linkar under overnatting.
Mat, servering, her er mange mulegheiter- Lærdal Ferie og Fritidspark, Haabakken, Laksen Pub og Restaurant, Potter Kafe og fleire.
Me vil koma tilbake kvar me skal ha start nummerutdeling og parkering.
Nøl ikkje med å ta kontakt med arrangøren om det er noko du/de lurer på link her
Kor ligg Lærdal Kart her Kart over sentrum her Kartrute sekretariat Her
Lærdal ligg innerst i Sognefjorden.
Ca 20 mil fra Bergen, ei køyretid på 2,5 timar.
Oslo ca 4-4,5 timar køyring. Frå Gol 12mil
Frå Fagernes 14 mil ca 2,5 timar
Frå Gol 12 mil ca 1time 45 minutt
Frå Førde ca 12 mil ca 2,5 timar køyring.
Det er også veldig bra med buss forbindelsar aust vest, fleire bussar til og frå Oslo og Bergen.Frå Førde, Sogndal er det og gode forbindelse.Det går også aust- vest express frå Lillehammar. So ein kan vel sei det sånn at det er ganske greit og komme seg til og frå Lærdal.
Severdigheiter/opplevelsar
Det er også andre ting å ta seg til i Lærdal. Gamlegata ein av Norges best bevarte trehusbebyggelse. På Villakssenteret kan ein sjå levande laks i observatorium. Lærdal ferie og fritidspark har mange aktivitetar. Ein kan gå tur i Galdane og Seltunåsen, her er det mogelegheiter for dei som er med familie og evt vil finne på ting mens andre deltek.