Storehaugen Opp tilbakeblikk
Tor Anders Offerdal hadde ideen om å arrangere motbakkeløp i Lærdal då Lærdal er omkransa av motbakkar. Fleire i friidrettsgruppa vart tent på ideen og planlegginga byrja. Etter litt modning fallt valet på Storehaugen som har ein turr og fin trase og som ligg sentralt i bygda. Storehanugen er eit gamalt vetepunkt som varsla ufred på 1100 talet. Storehaugen er og eit turmål der turlaget har postkasse og bok. Det er og merka sti vidare til stølen Hognaåsen og nedatt i Habben.
2009: Me arrangerte det fyrste motbakkeløpet i Lærdal med 84 aktive og 231 mosjonistar. Arild Een vann på 35.41 og Merethe Helgheim var best blant damene på 41.18. Løpet vart arrangert Kristi Himmelfartsdag 21 mai. Me vart overraska over antalet, tidene, deltakarane og engasjementet blant deltakarane og medhjelparane.
2010: Ein auke til 105 aktive og 250 mosjonistar. Asbjørn Berland frå Samnanger tok ny løpsrekord på 33.51! Merethe Helgheim vann blant damene i år og på 42.03. Løpet vart arrangert Kristi Himmelfartsdag 13 mai og løpet blir av løparane rekna som sesongdebuten på motbakkeløpa.
2011: Rekorddeltaking med 310 mosjonistar og 124 i konkurranseklassen. Totalt 434 personar var på Storehaugen denne dagen. Ny løpsrekord av Øyvind Heiberg Sundby, Tjalve på knalltida 32.58! Veldig sterk tid av Anna Tråve, Lærdal il på 41.55, ( løpsrekord damer Merethe Helgheim, 41.18 frå 2009) Eit svært vellykka arrangement.