Om Storehaugen
Høgde: 908 m.o.h.
Lengde: 3.4km
Stigning: 28%
Løypeprofil:

Traseen til motbakkeløpet ”Storehaugen Opp” er den gamle stølsvegen til stølen Hognåsen, ein eldgamal støl med gamle og nye stølstufter. Gardane på Eri var brukarar av stølen.
På kartet nedanfor er traseen til Storehaugen innteikna.

Langs stølsvegane var det vanleg med stadnavn på ulike plassar, gjerne utsiktspunkt. Ein del av navna er gamle børakvile, andre navn er knytta til hendingar.
Med start i Sviggum har vi desse stadnavna:
Nedre Seklepp (50 m.o.h.) Detter var fyrste plassen dei såg sjøen når dei skulle til støls – difor namnet Seklepp. Se = sjå, klepp = lita høgd
Gygrefoten – ”Jygrefoten”. Fotafar etter ei gyger – ei trollkvinne.
Øvre Seklepp. (115 m.o.h.)
Harasiglet (235 m.o.h.). Namnet er kanskje påkome av ein som har vore ute på hålkeføre og ”sigla” nedover harde svåi.
Krokabakkane (430 m.o.h.) Felles merkestein for 9 ulike bruk.
Skirset. (510 m.o.h.). Gamal vårstøl eller slåtteteig, Skir = reint. Namnet kan kome av at her var omtrent den einaste kjelda med reint vatn i åsen. Kjelda er ikkje halden ved like, og vatnet ikkje godt lenger. Skirset er ca. halvveges på løpstraseen. Her er det drikkestasjon.
Svinakleivi (700 m.o.h.). Grisane måtte og vera med til støls i gamle dagar. Kanskje gjekk det gale med ein gris her ein gong ?
Vetlehaugen (750 m.o.h.)
Halvfardekkene (770 m.o.h.) Namnet tyder på at du er halvveges til støls. Dyra skulle få kvile og eta her.
Kattuglegalden (850 m.o.h.). Kattuglegjelet er rett nedunder her. Det er bratt og trongt – uframkomeleg for folk. Fin utsikt oppover dalen rett nedunder galden.
Storehaugen (908 m.o.h.). Flott utsiktspunkt – sjå Lærdal frå lufta !. Storehaugen er ein gamal veteplass, brukt til varsling av krig og ufred i eldre tider. Mål for ”Storehaugen Opp”.
