14 dagar att
TESTLØP:
For dei som ikkje har høve til å delta på Storehaugen løpsdagen vert det arrangert testløp søndag 29 mai kl 1700. Det vert manuell tidtaking, dei som deltek vert ikkje klassevinnarar, men får registrert tida og blir premierte på same måte som dei aktive løpsdagen.
Testløpet vert og arrangert for mosjonistar same tid og desse tek turen opp i eige tempo utan tidtaking. Alle som vil vera med på testløpet, må ta kontakt på telefon 95139357 for å bli registrerte. Oppmøte i Sviggum eitt kvarter før.
KJENDISNYTT
Kommunalminister Liv Signe Navarsete blir med på årets Storehaugen Opp. Ordførar i Lærdal, Arne Sanden stiller sporty opp som tidlegare år. Det ryktast og at Gøril Aas Hustad, nr 2 i 71 grader Nord og vinnar av Folkets favoritt/ Publikumsprisen, Ole Johannes Øvretveit, NRK Sogn og Fjordane og Jenny Følling, fylkesordførarkandidat i Sp vil delta. Me ynskjer alle velkomne til Lærdal og Storehaugen Opp 2 Juni.
PÅMELDING
Det hadde vore fint om flest mogeleg hadde meldt seg på innan påmeldingsfristen 25 mai, sjølv om det er mogeleg med etterpåmelding inntil 1 time før, dvs seinast kl 11.30 løpsdagen. Det vert mest praktisk for oss arrangørane og tidtakarane med registreing i forkant.
BILETE
Er det nokon som kunne tenke seg å ta bilete ved sekreteriatet, start, mål og undervegs i løpet? Me er interessert i bilete av arrangementet og ynskjer å få desse på mail eller minnepenn til publisering av årets løp. Venlegst ta kontakt.
